Dialektundersøking

Dette praksisdømet er basert på artikkelen «diftongane sin inntogsmarsj» av Hege Glad (Norsklæraren 1/2014) og eit opplegg som vart gjennomført ved Aure barne- og ungdomsskule.

 

Årssteg: 8-10

 

Tidsbruk: om lag 4 skuletimar (men det er sjølvsagt også mogleg å bruke meir om ein vil gå djupare inn i stoffet. Tidsbruken kjem også an på om elevane gjer datainnsamlinga i eller mellom timar)

 

Aktuelle kompetansemål i norsk etter 10. årssteg.

  • gjøre rede for noen kjennetegn ved hovedgrupper av talemål i Norge, og diskutere holdninger til ulike talemål og til de skriftlige målformene nynorsk og bokmål
  • beherske grammatiske begreper som beskriver hvordan språk er bygd opp
  • forklare bakgrunnen for at det er to likestilte norske målformer, og gjøre rede for språkdebatt og språklig variasjon i Norge i dag

 

Aktuelt kompetansemål i norsk fordjuping:

  • planlegge, gjennomføre og presentere en undersøkelse av hvordan barn og unge bruker språk i eget nærmiljø og hvordan språk brukes ulikt av ulike aldersgrupper

 

Rekning som grunnleggjande ferdigheit

I dette undervisningsopplegget hentar elevane inn data som skal fortelje noko om korleis talemålsvariasjonen når det gjeld eitt eller fleire ord, er blant befolkninga i nærområdet. Denne informasjonen må elevane bearbeide og bruke, og deretter presentere informasjonen på ein god og formålstenleg måte. Elevane må vere kjende med omgrep som representativt utval og gjennomsnitt, og representasjonar som tabellar og grafar.

 

Oppgåve til elevane

  1. Klassen kjem saman fram til eitt eller fleire ord som de vil undersøke nærmare. Finn ut kva for variantar av orda som finst og lag og gjennomfør ei spørjeundersøking.
  2. Analyser resultatet av spørjeundersøkinga og finn ein passande måte å presentere resultatet på.
  3. Kva kan ein lese ut frå resultatet?

 

Alder/generasjon, om ein er oppvaksen i området eller innflyttar, utkant/sentrumsbuar, kjønn kan vere faktorar som er med å forklare variasjon i talemålet. Dersom det er store skilnader knytt til generasjonar, er det råd å bruke undersøkinga som eit grunnlag for å diskutere utvikling og endringar i talemålet over tid (sjå artikkelen i Norsklæraren).

 

Nærare beskriving av opplegget

Læraren og elevane diskuterer kva dialektar er og kva for trekk som finst i språket til dei som bur i nærområdet. Om ikkje temaet er arbeidd med før kan det være lurt å gje elevane ei innføring om dialektar.

 

Eksempel på spørsmål til diskusjon:

  1. Pratar dei gamle likt som dei unge?
  2. Er det nokon skilnad på dei som er oppvaksne i området og dei innflytta?

 

Etter at oppgåve 1 er presentert for elevane må læraren saman med elevane samtale om korleis ei spørjeundersøking skal gjennomførast. Kva form skal spørjeundersøkinga ha, og kor mange må spørjast for å få eit representativt utval?

 

Klassen kjem saman fram til kva ord dei vil sjå nærare på. Det kan løne seg å dele klassen i mindre grupper når datainnsamlinga skal skje.

 

Etter at datainnsamlinga er ferdig må elevane i fellesskap kome fram til ein egna representasjon for å vise resultatet. Ein måte å gjere det på er at alle gruppene skal presentere. På den måten blir mange representasjonar synleggjort.

 

Etter at spørjeundersøkinga er presentert må elevane samanlikne resultatet med dei spørsmåla klassen samtalte om i starten av timen. I tillegg er det viktig å samtale om dei skilnadane som finst og kvifor dei finst.

 

Vurdering av kompetansemål

Kompetansemåla i norsk er fyrst og fremst knytt til kunnskap om språkleg variasjon, dialektar og grammatiske omgrep. Det er difor viktig at denne undersøkinga vert eit møte med terminologi frå språkvitskapen: at ein brukar omgrep som språkleg variasjon og målmerke, og at ein identifiserer dei språklege trekka ein vil undersøkje på dialektkartet. Det er også eit poeng å identifisere orda ein tek med i språkundersøkinga grammatisk (ordklasse og morfologi, til dømes «substantivet jente i ubunden form fleirtal vert uttala på denne måten»). I vurderinga av om eleven har nådd kompetansemåla vil slik kunnskap vere relevant å sjå etter. Dersom ein treng eit produkt som grunnlag for vurdering, kan kvar gruppe ha ein presentasjon.

I norsk som fordjuping vil vurderinga av kompetansemålet vere knytt til om ein greier å gjennomføre undersøkinga.

 

Fire prosessar i rekning

Gjenkjenne og formulere

Elevane må kjenne att tabellar som representasjon og vite korleis det kan brukast som reiskap i spørjeundersøkingsarbeidet. På den måten formulerer elevane ein matematisk modell på problemet.

 

Bruke og bearbeide

Etter at elevane har forma ein matematisk modell må dei bruke og bearbeide tala i modellen slik at dei kjem fram til ei matematisk løysing. Det betyr at dei tala som er henta inn frå spørjeundersøkinga blir brukte på rett måte i modellen.

 

Tolke og vurdere

Når elevane har kome fram til ei matematisk løysing må dei tolke og vurdere resultatet opp mot den verkelege situasjonen. I denne oppgåva handlar det mellom anna om at elevane vurderer resultatet opp mot diskusjonsspørsmåla klassen samtala om i starten på timen. Er det nokon samanheng? Er resultatet logisk/realistisk? I tillegg må elevane vurdere om modellen deira synleggjer resultata på ein god måte.

 

Kommunikasjon

Kommunikasjon er gjennomgåande i hele problemløsningsprosessen. I dette opplegget må elevene kunne formidle kva de meiner er det matematiske innhaldet til kvarandre på gruppa. Elevene må kunne formidle funna sine ved å bruke representasjonar, enten skriftlig eller munnleg. De må kunne forklare for kvarandre korleis tala i spørjeundersøkinga skal brukast på rett måte i den mateamatiske modellen deira. Til slutt må elevane forklare kva resultatet deira gir svar på, sett i samanheng med oppgåvene.