Alle Teller!

Handbok, veiledningsmateriell og kartleggingstestar innafor tal og talforståing.

Ny digital utgåve av Alle Teller i 2018

2. oktober 2018 vart Alle Teller! i digital versjon lansert. Testane er dei same som før, men med bedre grafikk og litt ny funksjonalitet. Pris: kr. 10 pr. lisens (kr 8 + mva.).

Skriftlege kartleggingstestar 1.10. nivå, tal og tallforståing

Materialet Alle Teller! omfattar skriftlege testar for 1.10. nivå, rettleiing for gjennomføring og vurdering av testane, vurderingsskjema, samt rettleiing til elevintervju. Alle testane finst på både nynorsk og bokmål.  

Forside Alle Teller!

Handboka Alle Teller! – om tal og tallforståing

Minst like viktig som testmaterialet er handboka Alle Teller! Oppgåvene i testane viser til kapittel i handboka, der det finst grundig forklaring på kva type talforståing oppgåvene er meint å teste. Boka omhandlar vanlege misoppfatningar, kvifor dei førekjem, og konkrete forslag til korleis lærarane kan arbeide vidare ut frå resultata på testane.

Handboka bør alle lese. Ho gir innsikt i kva som er vanskeleg for elevane og kva misforståingar eller misoppfatningar dei kan utvikle. Dersom lærarane er klar over dette, og tek det med seg når nye begrep blir innført, kan ein unngå mange misforståingar. Derfor bør ein også bruke boka når ein planlegg undervisninga. Dette er et unikt verkty som vil gi føresette og lærarar innsikt i korleis dei best kan hjelpe elevane til å meistre matematikken.

Vidare gjev handboka idear til korleis læraren kan rettleie elevane frå hovudrekningsstrategiar til skriftlege framstillingar og algoritmar.

Bestill handboka Alle Teller!
 

Utvikla av Alistair McIntosh   

Professor Alistair McIntosh, University of Tasmania, var gjesteprofessor både i Sverige og Noreg ein periode i 2005. I Noreg jobba han ved Matematikksenteret og NTNU, og i Sverige ved Nationellt Centrum för Matematikutbildning (NCM). 

McIntosh utvikla materiellet for kartlegging av barn si taloppfatning og talforståing. Arbeidet byggjer på eit langt forskarliv innafor denne viktige delen av matematikkdidaktikken. Materialet fekk navnet Alle Teller! på norsk, og er bearbeidd og tilpassa norske forhald og læreplanar av Ingvill Merete Stedøy og May Renate Settemsdal.