Internasjonale undersøkingar
TIMSS
TIMSS er eit internasjonalt forskningsprosjekt om matematikk og naturfag i grunnskulen, og blir gjennomført kvart fjerde år. Noreg har delteke i TIMSS i 1995, 2003, 2007, 2011 og 2015.
PISA
PISA er er prosjekt som skal kartleggje 15-åringar sin kompetanse og deira ferdigheiter innafor fagområda lesing, matematikk og naturfag. Frå 2012 kom også problemløysing med. PISA- undersøkinga blir gjennomført kvart tredje år.
TIMSS Advanced
TIMSS Advanced undersøker kompetansen til elevane som har vald fordjupning i matematikk og fysikk det siste året i vidaregåande opplæring.
Studien inkluderer også lærarane som underviser i faga og ser på kva for kompetanse dei har og korleis dei tilrettelegg undervsininga.
TIMSS Advanced internasjonal nettstad
TEDS-M
TEDS-M er ein internasjonal komparativ studie av lærarutdanning i matematikk for barne- og unddomstrinnet. Studien viser at norske allmennlærarstudentar med fordjupning i matematikk har god kompetanse til å undervise i matematikk på barnetrinnet, men kompetansen til å undervise i matematikk på ungdomstrinnet er ikkje god nok.